Det er ikkje alltid like lett å vite kvar ein skal når ein skal møte ein utviklar, dette fekk eg smerteleg erfare i dag, då eg skulle ta ein kikk på det komande online-spelet Aion, frå Ncsoft. Ein litt tvetydig mail kunne fortelje meg kvar eg skulle møte for å bli plukka opp av bilen som skulle køyre meg til lokalet presentasjonen skulle gå føre seg i.
Problemet var at eg ikkje kunne finne ein slik bil, så eg ringde eit nummer eg fekk beskjed om å ringe for å kontakte sjåføren. Eit dyrt kvarter seinare i ei samtale med ein person som snakka forferdeleg gebrokkent engelsk, og eg var klar til å i det minste vente på at sjåføren skulle dukke opp.
På dette tidspunktet lukta eg lunta om at noko ikkje stemte. Sjåføren skjønte ikkje kvifor han skulle hente meg i dag, sidan han hadde avtale om å hente meg i morgon, men han henta meg no likevel. Etter ti minutt i baksetet på ein svært dyr bil som lukta sterkt av maskulin herreparfyme, var eg framme ved «The Federal Reserve».
Vel framme ved Ncsoft sin etasje i dette massive bygget, blir eg møtt av nokre damer som held på å pakke gåvepakkar til journalistar, samt nokre karar som bar på plakatar.
Eg skjønte at den lunta eg lukta tidlegare, var ei lunte eg skulle ha lukta litt ekstra på.
Du skjønar, kommunikasjonen mellom dei forskjellige pressekontora til eit selskap er ikkje alltid heilt på topp. Der eg hadde fått beskjed om å møte i dag, venta dei at eg skulle kome i morgon. Følgjeleg var dei ikkje klare, men på heilproft vis heiv dei seg rundt å sette i gong ein presentasjon berre for meg. Ein time seinare kunne eg forlate bygget måteleg fornøgd, og med ein flott ny penn i bagen min (!).
Dette var likevel ikkje det einaste eg måtte gjennom i dag. Etter denne presentasjonen skulle eg sjå på Risen, trudde eg. Det einaste eg visste på dette punktet var kvar eg skulle vere, og at eg hadde ein halvtime på meg, men ikkje korleis eg skulle kome meg dit. Ingen drosjer vil stoppe for nordmenn i San Francisco, så eg måtte ta beina fatt, og gjere mitt beste for å navigere meg gjennom ein storby eg definitivt ikkje kjenner som mi eiga lomme.
Vel framme blei eg møtt av eit klubblokale der pumpande musikk, gratis alkohol, og ei maskin per spel var ingrediensane. Å prøve å få med seg noko som helst var ønsketenking, og sjølv om eg gjor mitt beste for å forstå kva tyskaren som presenterte Risen hadde å formidle, var det praktisk talt umogleg. Å stå rett ved sidan av eit PA-anlegg når du skal tolke engelsk med grov tysk aksent er ikkje enkelt. Det blir heller ikkje lettare av at han hadde store problem med å spele spelet, sidan musa hans ikkje fungerte heilt optimalt. Eg fekk likevel med meg noko av spelet. Spesielt ein del småstygge bugs, og eit beist som stanga mot han på eit vis som minna hakket for mykje om eit velkjent villsvin frå Gothic 3.
Eg fekk etter kvart nok av å prøve å forstå kva folka som presenterte spela hadde å seie, og la i veg tilbake til hotellet. Til fots sjølvsagt, og forbi mange folk som minna meg sterkt om ein episode av South Park der «change» er nøkkelordet.
Hjernen kokar og no vil eg aller helst få meg litt søvn. I morgon skal eg møte ein av sjefene i Remedy (Alan Wake, Max Payne), samtidig som eg skal gjere det eg kan for å få med meg eit foredrag frå utviklarane av The Last Remnant. Mikael skal vitje blant anna Sega og Epic.
Han har forresten kjøpt seg nye sko i dag, og presterte å trakke i ein saftig tyggis kort tid etterpå.
-Øystein

