Den store JRPG-våren

Om du er som meg og ikkje heilt klarar å bry deg stort om at Bioware på kort tid har slept to store rollespel (som tydelegvis er digital orgasme i ordets rette forstand), og heller vender blikket mot Japan, er denne våren ei høgtid utan sidestykke.

Det er kanskje ikkje alle som har fått med seg nøyaktig kor mange spel som er på veg akkurat no, men lista er lang, og det er al grunn til å sikle.

Januar har vore blodfattig, der vi berre harr fått eit småtriveleg gjensyn med Vandal Hearts-serien. Februar blir derimot noko heilt anna. Eg har allereie runda Final Fantasy Crystal Chronicles The Crystal Bearers (phu) som landar i hyllene 5. februar. Veka etterpå kjem omsider Star Ocean: The Last Hope til PlayStation 3, samtidig som Phantasy Star Ø og Half Minute Hero kastar seg inn på den portable marknaden.

Seinare i månaden kjem endeleg det lenge etterlengta White Knight Chronicles for PlayStation 3, og dette bør gje oss noko godt å kose oss med før Behemothen over alle invaderar konsollane våre i mars.

9. mars er datoen for Final Fantasy XIII, og om eg skal kunne bruke min japanske importversjon som ein peikepinn, blir dette ekstremt pompøse greier.

La likevel ikkje den siste fantasien for trettande gong (plus ein del sidehistorier sjølvsagt) hindre deg frå å sjå alt det andre som dukkar opp i mars. Nokre dagar etter Final Fantasy XIII kjem PlayStation 3-eksklusive Last Rebellion, før vi får nokre dagar med pause før Tri-Ace og Sega kastar seg inn i kampen med multiplattform-spelet Resonance of Fate.

Om dette ikkje skulle vere nok får vi i mars Rune Factory: Frontier og Sakura Wars til Wii, samt Infinite Space til Nintendo DS. Det verste er at eg sikkert har gløymt eit og anna spel i farta.

Det einaste eg kan seie no, er at eg ikkje anar korleis eg skal få tid til alt dette, men du kan banne på at eg skal gjere mitt beste.

-Øystein

Tags: , , , , , , ,

4 Responses to “Den store JRPG-våren”

  1. Førdianer says:

    Kommer du til å huske å dra jobb og hjelpe ungene på ungdomsskolen med den release-lista her da? :P

  2. andreas says:

    Blir ein fantastisk vår for JRPG’s jau. Må ta å bli ferdig med vesperia og snart, driver å farmer grade til new game+. Men blir lei etter 20 mins med Tidal wave spamming og må mute tvn, fordi eg blir så irritert T_T Er Pokemon JRPG? Kommer ikke Pokemon heart gold og soul silver i slutten av mars?

  3. Mikael says:

    Ja, DA og ME 2 er og var orgasme. Skeptisk til disse østlige greiene, gitt!

  4. sirkrelian says:

    Dette blir fantastisk :) Er ikke så stor fan av crystal chronicles, synst de spillene er utrolig crap. men FFXIII, Last Rebellion og Resonance of Fate blir kjøp! Har allerede white knight chronicles:)

Leave a Reply